Skip to the content

Dato: 08.02.2020

Tid: 19.45 - 20.45

Stad: Alver

Pris: 150

Kjøp Billettar

Innestengd i kvardag

Kva tyder ordet “kvardag” for ein som sit i fengsel, der kvar dag liknar ein annan, samtidig som ingenting er som normalt? I samarbeid med LitFestBergen har innsette i Bergen og Bjørgvin fengsel det siste året skrive tekstar om kvardag. 

To av skribentane kjem for å delta på festivalen: Bjørn Dahl, innsett i Bjørgvin fengsel, og Lars (namnet er endra av omsyn til familie), innsett i Bergen fengsel. Dei møter skrivelærar i Bjørgvin fengsel Annette Mattsson og bibliotekar i Bergen fengsel Eivind Riise Hauge, til ein samtale om kvardagslege og litterære stengsel. Nokre av tekstane frå skriveprosjektet blir lesne opp under arrangementet. Samtaleleiar er Ida Lødemel Tvedt.

Arrangementet vil vere på norsk. OBS: Fotoforbod.

Del Innhald