Skip to the content

Dato: 09.02.2020

Tid: 16.30 - 18.00

Stad: Auditoriet

Pris: 150

Kjøp Billettar

Avslutningsframsyning: Throwing Voices

Den siste programposten under LitFestBergen 2020 er ei sjangeroverskridande framsyning av musikk, tekst, strupesong, foto og tale. 

“Throwing Voices” er eit unikt samarbeidsprosjekt som ser på korleis språk, kultur og tradisjon kan resonnere på tvers av kulturelle grenser. Den svensk-samiske forfattaren Linnea Axelsson og den canadisk-inuittiske forfattaren Taqralik Partridge har skrive tekstar om tre objekt som tyder noko særskilt i deira kulturar. Den skotske folkemusikaren Kate Young har skapt musikkstykke til. Saman med omsettar Saskia Vogel og musikar Pippa Murphy står dei for første gong på scena i Noreg.

Etter framsyninga snakkar kunstnarane med festivalsjef i LitFestBergen Teresa Grøtan om å overskride språklege og kulturelle grenser.

I samarbeid med Edinburgh International Book Festival, der framsyninga hadde premiere i august 2019. Framsyninga er støtta av den skotske regjeringa sitt Festivals Expo Fund.

Arrangementet vil vere på engelsk/andre språk.

Del Innhald