Skip to the content
}

Kate Young

Kate Young (f. 1987, Storbritannia) er ein skotsk komponist, songar og fiolinist busett i Edinburgh.

Ho har bakgrunn frå tradisjonell skotsk folkemusikk, men arbeider no med ulike musikalske sjangrar og uttrykk frå heile verda. I 2016 komponerte ho ein suite over temaet «the natural world» til Celtic Connection sitt New Voices-prosjekt. Repertoaret av songar, inspirert av britiske medisinplanter, vart møtt med gode kritikkar.

Young er ein del av Throwing Voices-prosjektet, eit samarbeid mellom forfattarar og musikarar som utforskar Skottland sine ulike språk og dialekter i det 21. hundreåret.

Del Innhald