Skip to the content
}

Pedro Carmona-Alvarez

Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972, Chile) er ein forfattar og musikar som er busett i Bergen.

Han debuterte med diktsamlinga Helter, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Han har vore redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler og for Verden finnes ikke på kartet, ein antologi med gjendiktingar av internasjonal samtidspoesi (med Gunnar Wærness).

Bøkene til Pedro Carmona-Alvarez er omsette til dansk, tysk og engelsk og har fått ei rekke prisar, seinast P2-lytternes romanpris 2012. Han er musikar i fleire band, mellom dei Moonpedro and the Goldfish. Den seinaste utgjevinga hans er essaysamlinga Refrenger (2019), der han skriv om litteratur, musikk og si eiga historie som flyktning frå Pinochet-regimet i Chile. 

Del Innhald