Dato: 06.02.2020
Tid: 21:15 - 22:15
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 150
Dette er også ein flyktning
Korleis bli ein vellukka flyktning? Å vere flyktningbarn handlar ofte om å balansere sine eigne behov mot ansvaret for å forvalte familiens ofte dramatiske historie. Etter at Nhu Diep og Pedro Carmona-Alvarez kom til Noreg frå Vietnam og Chile som barn, har dei levd i skvis mellom desse krava, men óg nytta kraften i dei i kunsten og litteraturen.
Korleis bli seg sjølv når ein står mellom to språk og to kulturar? Carmona-Alvarez skriv om denne erfaringa i si nyaste bok Refrenger, og Diep arbeider med ei ungdomsbok om temaet. Dei møtest til samtale med Eivind Riise Hauge.
Samtalen vil vere på norsk.