Skip to the content
}

Kristin Skare Orgeret

Kristin Skare Orgeret (f. 1968, Noreg) er professor ved institutt for journalistikk og mediefag ved OsloMet - storbyuniversitetet, der ho også er faglig koordinator for masterprogrammet i journalistikk. 

Orgeret sine forskningsområde er journalistikk i konfliktsoner, digital aktivisme og kjønn og media. Ho har budd, jobba og gjort forskingsarbeid i ei rekke afrikanske land, samt i Bangladesh og Nepal. 

Ho har vore redaktør og med-redaktør for fleire utgjevingar, inkludert Journalism in Conflict and Post Conflict Conditions. Worldwide Perspectives. Orgeret er mykje nytta som kommentator i media i samband med journalistsaker og utanriksnyhende, og fekk i 2016 Norsk Medieforskerlags formidlingspris for denne innsatsen.

Hennar seinaste utgjeving er Journalism, gender and power structures, strategic leadership at the work place (2019).

Del Innhald