Skip to the content
}

Harald Gaski

Bjørn Hatteng

Harald Gaski (f. 1955, Noreg) er professor i samisk kultur og litteratur ved Samisk høgskule i Kautokeino. 

I 2006 var han medmottakar av Gollegiella, ein pris som blir delt ut til samiskspråklege frå Noreg, Sverige, Finland og Russland annakvart år. Prisen blei tildelt på bakgrunn av Gaski sitt bidrag til bevaring  og utvikling av det samiske språket.

Han har publisert fleire bøker om samisk kulturell og litterær historie, for eit bredt publikum. Det akademiske arbeidet hans inkluderer forsking på samiske langdikt og samisk kultur i Nord-Noreg. Spesielt kjende er tolkingane og omsetjingane av forfattarskapen til Nordisk Råds litteraturpris-vinner Nils-Aslak Valkeapää.   

Gaski skriv også fiksjon, og saman med Lars Nordström har han i tillegg publisert ei barnebok, Čiežain čáziin, som seinare har blitt omsett til både norsk (Sju slags vatten) og finsk.

Del Innhald