Skip to the content

Dato: 16.02.2019

Tid: 12.00 - 13.00

Stad: Alver

Pris: 100/70,- (stud.)

Kjøp Billettar

Ubundne kontraktar

Korleis vi les bøker, blir mellom anna forma av våre forventningar til teksten. Om det står «roman» på omslaget, vil vi lese på ein annan måte enn dersom det står «essay». Har forfattaren eit ansvar for å klargjere korleis teksten skal bli lesen? Og kva skjer når forfattaren vel å bevege seg mellom ulike sjangrar i ei og same bok?

Den kroatiske forfattaren Dubravka Ugrešić er kjend for sine sjangeroverskridande bøker. Ho snakkar med kritikar Ane Farsethås, som nyleg ga ut boka Grenseverdier. Sannhet og litterær metode. Samtaleleiar er Kari Jegerstedt.  

Samtalen vil vere på engelsk. 

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald