Skip to the content
Mina Magda

Dato: 15.02.2019

Tid: 14.15 - 15.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 100/70,– (stud.)

Kjøp Billettar

Omsett sorg

I tre tiår underviste Cambridge-professoren James E. Montgomery i dikta til den arabiske 700-talls poeten Al-Khansa utan sjølv å like dei. Han meinte dikta var klisjéfylte og repetitive.

Dét var inntil sonen hans blei utsett for ei alvorleg ulukke. I Loss Sings skriv Montgomery om sorga, og innsikta den førte til, og omset der 15 av dikta til den kvinnelege poeten Al-Khansa. Montgomery møter litteraturforskar Daniel Medin til ein samtale om omsetting og korleis livsendrande hendingar kan føre til ny, litterær innsikt.

Samtalen vil vere på engelsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald