Skip to the content

Dato: 14.02.2019

Tid: 20.00 - 20.45

Stad: Auditoriet

Pris: 100/70,- (stud.)

Kjøp Billettar

Livets uuthaldelege kvitheit

Trass i at vitskapen ettertrykkeleg har tilbakevist ideen om at det finst ulike menneskerasar, og at kvite står over andre, kjem eit slikt syn framleis til uttrykk – også innan det litterære livet. I si komande bok undersøkjer den britiske vitskapsjournalisten Angela Saini historia til «rasevitskapen».

Den jamaicanske forfattaren Kei Miller såg seg lei av kvite kvinners framstilling av svarte menn, og ga uttrykk for det i essayet «The White Women and the Language of Bees». Essayet vekte så sterke reaksjonar at han valde å endre det. Miller og Saini møter litteraturvitar Tonje Vold til ein samtale om rasismen i livet og litteraturen.

Samtalen vil vere på engelsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald