Skip to the content

Dato: 08.02.2025

Tid: 20:00 - 21:30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/ 90 Student

Kjøp Billettar

NM-finale i slam

LitFestBergen er den offisielle arrangøren av finalen i NM i Slampoesi. Gjennom hausten og vinteren har det vore semifinalar rundt om i landet, og 8. februar kjem finalistane frå Trondheim, Vestlandet, Oslo og Innlandet saman på Litteraturhuset i Bergen for femte gong for å konkurrere om troféet. Henrikke Meidell, som sjølv er slampoet og tidlegare vinnar av konkurransen, skal vere kveldens vert.

Slampoesi er ei direkte og spontan poesioppleving som ligg i kryssingspunktet mellom diktopplesing, spoken word, standup og rapp. Den første slamopplesinga blei arrangert på ein jazzklubb i Chicago i 1984 av bygningsarbeidaren og poeten Marc Smith, som hadde eit ønske om å gjere poesien meir folkeleg og inkluderande. Kontakt med publikum, stemning og temperatur i rommet er alfa og omega, og framføringa tel like mykje som teksten.

Del Innhald