Skip to the content

Dato: 08.02.2025

Tid: 19:30 - 20:15

Stad: Alver

Pris: 190/ 90 Student

Kjøp Billettar

Kjærleik i valdens tid

Kjærleik er eit gjennomgangstema i bøkene til nigerianske Abubakar Adam Ibrahim. I romanen Season of Crimson Blossoms står den uvanlege kjærleiken mellom ein ung kriminell og ei middelaldrande kvinne sentralt. I hans nyaste roman, When We Were Fireflies, handlar det om ein mann som på magisk vis får vekt minner frå to tidlegare liv han har levd, og som legg ut på ei reise for å finne kvinnene han elska i desse liva. Ibrahims bøker er lokalisert til Nord-Nigeria, til eit samfunn prega av vald og uro, og der religionen speler ei viktig rolle i dagleglivet. 

Er sann kjærleik universell, eller speler religion og samfunnsmoral inn også på korleis menneska føler – eller tillèt seg å føle? Kva er menneska i stand til å gjere for å finne og halde fast på kjærleiken? Abubakar Adam Ibrahim møter Michael Opara til ein samtale om religion, litteratur og kjærleik og begjær.

Samtalen er på engelsk.

Del Innhald