Dato: 08.02.2025
Tid: 17:45 - 19:15
Stad: Auditoriet
Pris: 110/ 90 Student
Filmvisning: El Equipo
Dokumentar om rettsantropologi, brotsverk og menneskerettar.
I 1984 blei den amerikanske rettsantropologen Clyde Snow henta inn av Argentinas nyvalde demokratiske regjering for å opprette eit team som skulle dokumentere militærdiktaturets brotsverka mot innbyggarane i landet. Oppdraget skulle berre ta eit par veker, men blei i staden starten på ein revolusjon innan rettsantropologi og menneskerettar – eit fagmiljø som i dag er blant dei fremste i verda. El Equipo er ein fascinerande og innsiktsfull film om rettsantropologi og den avgjerande rolla faget speler i kriminalsaker, nasjonale forsoningsprosessar og kampen for menneskerettar.
LitFestBergen viser filmen i samband med samtalen «Å grave opp sanninga» med Filipe Celesia, som har skrive ei bok om det argentinske rettsantropologiprosjektet. Filmen blir vist i samarbeid med filmfestivalane BIFF og Cine Latino. Under BIFF 2023 mottok El Equipo «Gullugla», ein dokumentarfilmpris for framifrå forskingsformidling.
Filmen er på spansk med engelske undertekstar.