Skip to the content

Dato: 08.02.2025

Tid: 16:15 - 17:00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/90 (Student)

Kjøp Billettar

Den rosa grensa: Skeives rettar verda over

I verda i dag ser vi eit aukande skilje mellom land som gir skeive fleire rettar og land som går stikk motsett veg. I arbeidet med boka The Pink Line. The World´s Queer Frontiers besøkte den sørafrikanske journalisten Mark Gevisser 21 land på alle kontinent for å intervjue skeive om liva deira. Gevisser viser korleis skeives kamp blir misbrukt i ein stadig aukande politisk polarisering, og gir denne tendensen namnet The Pink Line.

Mark Gevisser møter senterleder ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking Kari Jegerstedt og professor Randi Gressgård til samtale om korleis termen Den rosa linja kan vere eit nyttig verktøy for å forstå, og mobilisere mot, tilbakeslaga mot skeives rettar i verda i dag. Dei vil også diskutere kva valet av Trump vil bety for LGBTQ-rettar og fridom verda over, inkludert i Noreg.

I samarbeid med Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK).

Samtalen er på engelsk.

Del Innhald