Dato: 10.02.2024
Tid: 16:45 - 17:15
Stad: Alver
Pris: 110/80 (student)
Vegar i litteraturen. Føredrag med Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven skriv krimbøker der handlinga går føre seg i Hardanger og justisdepartementet i Oslo – samstundes. Ho skriv biografi i diktform og dikt for barn, og ho blandar bokmål og nynorsk i same bok. Kort sagt: Ruth Lillegraven bruker fleire litterære sjangrar enn kanskje nokon annan norsk samtidsforfattar, og det gjerne i same verket. Kan ein seie at ho løyser opp dei litterære sjangrane? I dette føredraget gir forfattaren publikum eit innblikk i dei mange ulike vegane ho har inn i litteraturen.