Dato:
08.02.2024
Tid:
14:00 - 14:45
Stad:
Auditoriet
Pris:
190/80 (student)

Olje og korrupsjon i Noreg og Nigeria

Noreg og Nigeria har meir til felles enn mange kanskje trur – til dømes olje. Og korrupsjon i oljeverksemda. Norske Eva Joly er jurist, forfattar og politikar og har gjennom mange år vore kjend både i Noreg og Frankrike for antikorrupsjonsarbeidet og miljøengasjementet sitt. Nnimmo Bassey fekk raftoprisen i 2012 for arbeidet sitt med å vise korleis vern om natur og miljø også er vern om menneskerettar. Forfattaren, arkitekten og aktivisten er også aktiv i antikorrupsjonsarbeid i Nigeria, ikkje minst når det gjeld økologisk korrupsjon og kriminalitet i oljenæringa. Dei to møter leiar av Raftostiftinga, Jostein Kobbeltvedt, til samtale om korrupsjon og olje i Noreg og Nigeria.

Samtalen vil vere på engelsk.

Deltakarar