
Dato: 09.02.2024
Tid: 15:30 - 16:15
Stad: Alver
Pris: 190/80 (student)
Kreolske forteljingar
Ein thinnai i India liknar på ein porch i USA eller ein stoep i Sør-Afrika – det er ein overbygd veranda utan rekkverk på framsida av huset, open mot omverda og mot gjester. I romanen Thinnai (omsett frå fransk av Synneve Sundby) av Ari Gautier møter vi gamle krigsveteranar, kreolar, arbeidarar og stolte kommunistar – alle møtest på thinnaien. Dei kjem for å høyre forteljingar.
Thinnai er ein roman om røter, tradisjonar, språk og familien frå Puducherry i India – ei blanding av tamilsk, fransk og portugisisk historie og tradisjon. Ari Gautier har sjølv opphav frå Puducherry, men er busett i Noreg.
Gautier møter Anne K. Bang til ein samtale om det kreolske, migrasjon og kva du alltid ber med deg av familien din.
Samtalen vil vere på engelsk.