Dato: 08.02.2024
Tid: 12:00 - 12:45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 190/80 (student)
Ein introduksjon til samisk litteratur
Mens det norske og engelske ordet for litteratur kjem frå latin littera ’bokstav’, er rota til det samiske ordet girjjálašvuohta å finne i girji, som tyder ’mønster’. Slik rommar girjjálašvuohta fleire sjangrar i litteraturen, noko som samsvarer godt med det holistiske synet som ofte finst i urfolkskulturar.
I dette føredraget vil professor Harald Gaski gi døme på samiske litterære tekstar som på same tid består av ord, lyd og visuell kunst – frå 1600-tals joiketekstar og bilde på noaidi-tromma og heilt fram til samtidsprosa og -lyrikk.
Føredraget vil vere på engelsk.