Skip to the content
}

Harald Gaski

Bjørn Hatteng, UiT

Harald Gaski (f. 1955, Noreg) er professor i samisk kultur og litteratur ved Samisk høgskole i Kautokeino. 

I 2006 var han medmottakar av gollegiella, ein pris som blir delt ut til samiskspråklege frå Noreg, Sverige, Finland og Russland. Prisen blei tildelt på bakgrunn av Gaski sitt bidrag til bevaring og utvikling av det samiske språket.

Han har publisert fleire bøker om samisk kulturell og litterær historie for eit breitt publikum. Det akademiske arbeidet hans omfattar forsking på samiske langdikt og samisk kultur i Nord-Noreg. Særleg kjende er tolkingane og omsettingane av forfattarskapen til Nils-Aslak Valkeapää, som fekk Nordisk råds litteraturpris i 1991.

Gaski skriv også fiksjon, og saman med Lars Nordström har han gitt ut barneboka Čiežain čáziin (2002). Boka blei utgitt på norsk i 2005 med tittelen Sju sorter vann.

Del Innhald