
Dato: 08.02.2024
Tid: 13:00 - 17:30
Stad: Olav H. Hauge
Kritikarseminar: Bortanfor blånane – om kritikk av samisk samtidslitteratur
Kva skjer i den samiske samtidslitteraturen – og får den samiske litteraturen den kritikken som den fortener?
Samisk litteratur kan heilt frå byrjinga av 1600-talet sjåast i samanheng med viktige samiske, nasjonale og internasjonale politiske straumdrag i samtida. Historisk har samane ein rik munnleg litteraturtradisjon, ein tradisjon som framleis står sterkt. Men det er først på 1900-talet at det oppstår ein samisk skjønnlitterær skrifttradisjon. Før den tid er dei skjønnlitterære samiske tekstane ein kjenner til, nedskrivne joiketekstar eller forteljingar med opphav i den munnlege kulturen.
Kva veit dagens litterære offentlegheit om kva som skjer i den samiskspråklege samtidslitteraturen? Kva litterære straumdrag viser seg, og korleis ser den kritiske mottakinga ut? Gir kritikken av den samiske litteraturen nok motstand til å drive litteraturen framover? Om kritikken er mangelfull; kva skal til for å skape ein kompetent samtale om den samiskspråklege litteraturen? Korleis blir den samiskspråklege litteraturen mottatt i Norden – og finst det skilnader mellom dei nordiske landa? Kva bør i det heile tatt krevjast av innsikt og kunnskapar for å yte den samiskspråklege litteraturen rettferd og motstand?
Med: Harald Gaski (professor i samisk kultur og litteratur), Malin Nord (svensk forfattar og dramatikar, m.a. med i Rådet for samisk litteratur i det svenske Författarforbundet og er ein av redaktørane i antologien Stemmer fra Sápmi. Beretninger fra et stjålet land), Sigbjørn Skåden (samisk forfattar og m.a. tidlegare nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Skuovvadeddjiid gonagas (Skomarkernes konge), Saia Marilena Stueng (samisk forfattar og stipendiat ved Samisk høgskole i Kautokeino der ho skriv ei avhandling om kritikk av samisk litteratur), Carina Beddari (litteraturkritikar i Morgenbladet) og Erlend Liisberg (kritikar i Bergens Tidende).