Dato: 09.02.2024
Tid: 21.00 - 21.45
Stad: Alver
Pris: 300
Deilige drinkar og god kjemi
Ein drink er ei kjemisk oppløysing som bidrar til avslapping og glede, og på same tid ein farleg cocktail som kan føre til oppløysing av normer og personlegdom.
Bartender Per Magnus Haig blandar ingrediensar frå fleire landsdelar, lar oss smake på drinken og fortel om verda slik ho ser ut frå bak bardisken.
Kjemikar Jarle Sydney Diesen fortel om kva som skjer når molekyl møtest og inngår i bindingar, om kva som skjer når alkohol møter kroppen sine celler, og kvifor det ofte får konsekvensar for dagen etter.
Ein deilig drink er inkludert i billetten.