Dato: 11.02.2024
Tid: 16.30 - 17.30
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 190/80 (student)
Avslutning: Frå oppløysing til løysing
Kvar finst håpet når verda brenn?
Det har vist seg at kulturen, og litteraturen – forteljingane –, blir viktigare enn nokon gong under kriser. Det har vore ein eksplosjon i interessa for teater i Ukraina etter at krigen starta. Protestdikt og undergrunnskultur blomstra under apartheid i Sør-Afrika. Forteljingane er det som bind oss saman og minner oss på at det gode framleis finst.
I den siste programposten under årets festival inviterer vi publikum til å fortelje om sine opplevingar og tankar frå festivalen. På scena sit tidligare festivalsjef for Bay Area Book Festival i California Cherilyn Parsons, og festivalsjef for LitFestBergen Teresa Grøtan, som vil fortelje om opplevingar og tankar dei har hatt under festivalen. Eirik Vassenden, professor og medlem av rådet, vil ta imot innspel frå publikum, trekke dei store linene og lose oss gjennom dette siste samværet under LitFestBergen 2024.
Samtalen vi vere på engelsk.