Jonny Steinberg

Foto: Windham-Campbell Prizes
Jonny Steinberg (f. 1970, Sør-Afrika) er akademikar og forfattar. Han har vore førelesar ved senter for afrikanske studiar ved universitetet i Oxford og underviser for tida ved Yale-universitetet i USA og ved Wits Institute for Social and Economic Research i Johannesburg.
Han er kjend for å skrive om Sør-Afrika etter apartheid og overgangen til demokrati. Han er også fast spaltist for den sørafrikanske avisa Sunday Times.
I 2013 fekk han den første Windham Campbell-prisen.
I 2023 er han aktuell med boka Winnie & Nelson: Portrait of a Marriage.