Dato: 09.02.2023
Tid: 17.45 - 18.30
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 190/80 (student)
Vinnarmøte: Nora Dåsnes
22. juli 2011 er eit skilje i historia. Ingen nordmenn gløymer kvar dei var og kva dei gjorde den dagen. Etterpå var alle skaka, sinte og triste, før kvardagen litt etter litt kom tilbake.
Nora Dåsnes vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris i 2022 for den grafiske romanen Ubesvart anrop. Her er det redsla og tida etter åtaket som er skildra, gjennom auga til Rebekka. Ho var ikkje på Utøya, og ho kjende ingen som var der, men ho er like fullt redd og svært prega av åtaket. Ho byrjar på vidaregåande same hausten, men klarer ikkje å gløyme eller stenge ute det som skjedde. Møt prisvinnar Nora Dåsnes i samtale med forfattar Robin van de Walle.