Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 15.45 - 16.30

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Ukrainas naboar

Det er krig i hjartet av Europa, og kontinentet er ikkje som før. Moldova og Belarus grensar begge til Ukraina. Mens Belarus er i Russlands vald, sende Moldova EU-søknad idet krigen byrja. Ein gong var dei begge, saman med Ukraina, ein del av Sovjetunionen. 

Den belarusiske poeten Valzhyna Mort og den moldovske romanforfattaren Tatiana Ţîbuleac skriv begge om personlege og politiske erfaringar med oppvekst i Sovjetunionen, mens vaksenlivet er i eit nytt land. Korleis ser dei no på situasjonen i nabolanda og på moglegheitene for og i litteraturen? Og korleis skal ein snakke om krigen når kjensler som frykt og raseri dominerer? Dei to møter Martin Paulsen til samtale.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald