Skip to the content
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Dato: 10.02.2023

Tid: 18.00 - 18.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Strid og solidaritet

Sjølv om somme av oss kan irritere oss over konsekvensane av pilot-, lærar- eller polstreik, vil mange vere einige om at streik er eit uunnverleg verkemiddel i forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Forfattar og politisk rådgivar Jonas Bals har skrive boka Streik! om den betydninga streik har hatt for arbeidslivet i Noreg gjennom 150 år. Bals møter forfattar og politikar Mímír Krístjanson til samtale om korleis desse arbeidskonfliktane har forma Noreg som nasjon, og korleis streik kan vere eit middel i kampen for klimaet eller mot diktatur og undertrykking.

Del Innhald