Skip to the content

Dato: 10.02.2023

Tid: 12.15 - 12.45

Stad: Alver

Pris: 100/75(student)

Kjøp Billettar

Rasande føredrag: Raseri

Raseri er tema for LitFestBergen 2023. Klimaendringar, feminisme, rasisme, trans, bokmål, nynorsk, dyr sine rettar – for somme er dette raude klutar som triggar eit kraftig sinne. Raseriet ber i seg både energi og trass og kan vere ei kjelde til lidenskap, galskap og humor. Raseriet kan også vere mørkt og skremmande, og slik speglar det den usikre tida og den usikre verda vi lever i.

Men: Kva er raseri? Er det noko anna enn sinne? Er vi meir rasande no enn før? Professor i filosofi Lars Fr. Svendsen vil i dette føredraget forklare kva denne universelle kjensla er.

Del Innhald