Skip to the content

Dato: 12.02.2023

Tid: 12.00 - 12.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Prosalong: Abort

Roe mot Wade. «Nemnd.» «Klarer du ein, klarer du to.» «Veke 12, veke 18.» Internasjonalt har vi dei siste åra sett ein tilbakegang i sjølve retten til fri abort, til dømes i USA gjennom opphevinga av høgsterettsdommen Roe mot Wade. I Noreg har abortspørsmålet igjen blitt gjenstand for stor debatt og usemje.

Grethe Fatima Syéd og Kjersti Sandvik meiner at den offentlege samtalen i Noreg om abort har vore for dårleg. I 2021 skreiv dei boka Hva vi snakker om når vi snakker om abort. Syéd og Sandvik møter gynekolog og medlem av abortklagenemda Ole-Erik Iversen til samtale om kva abort er, og kvifor det skapar raseri i alle leirar. Samtalen blir leia av forfattar og journalist Sandra Lillebø.

Prosalongen arrangeres i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). NFFO-medlemmer har gratis adgang ved fremvisning av medlemskort

 

Del Innhald