Skip to the content
Eivind Senneset

Dato: 11.02.2023

Tid: 20.30 - 22.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

NM-finale i SLAM

I 2022 tok LitFestBergen over stafettpinnen frå Foreningen !les og er no offisiell arrangør av NM-finalen i slampoesi! I løpet av hausten og vinteren blir det arrangert delfinalar landet rundt, og den 11. februar samlast finalistane frå Tromsø, Trondheim, Stavanger, Bergen, Oslo, Østfold og Innlandet nok ein gong på Litteraturhuset i Bergen for å kjempe om den gjeve pokalen. 

Slampoesi er ei direkte og spontan poesioppleving som ligg i kryssingspunktet mellom diktopplesing, spoken word, standup og rapp. Den første slamopplesinga blei arrangert på ein jazzklubb i Chicago i 1984 av bygningsarbeidaren og poeten Marc Smith, som hadde eit ønske om å gjere poesien meir folkeleg og inkluderande. Kontakt med publikum, stemning og temperatur i rommet er alfa og omega, og framføringa tel like mykje som teksten.

Deltakarar 2023 vil vere:

André Berge Frislid (midt-Norge)

Jawad Aziz (Oslo)

Marija Bliznac (Innland)

Sara Harbo Soma (Vestland)

Programleiarar er Asha Abdullahi og Ida Benonisen.

Del Innhald