Dato:
10.02.2023
Tid:
19:15 - 20:00
Stad:
Alver
Pris:
190/80 (student)

Litterært stemnemøte

Kva dikt kan direktør for Festspillene i Bergen Lars Petter Hagen utanåt? Har påtroppande teatersjef ved Den Nationale Scene Solrun Toft Iversen nokon gong vore forelska i ein litterær figur? Kva for dikt eller bokutdrag vil dei to gi kvarandre i gåve? Dette og meir til får vi svar på når dei møtest til litterært stemnemøte.

Programleiar Trond-Viggo Torgersen legg til rette for ein humørfylt samtale om kulturtoppane sine litterære kjærleiks- og hatforhold.

Deltakarar