Solrun Toft Iversen
Solrun Toft Iversen (f. 1971) er dramaturg og teatersjef ved Den Nationale Scene.
Toft Iversen er utdanna dramaturg frå Aarhus universitet og har studert litteraturvitskap og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.
Ho har arbeidd på Teater Katapult og ved Alexandra-instituttet i Århus.
Frå 2008 til 2016 var ho dramaturg ved Den Nationale Scene. I 2016 blei ho konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane teater før ho i 2017 tok over som teatersjef ved Hordaland teater (som seinare skifta namn til Det vestnorske teateret).
Toft Iversen har også undervist i dramaturgi i Bergen, Århus og Oslo, og ho har vore styremedlem og styreleiar ved ei rekke kulturinstitusjonar.