Trond-Viggo Torgersen
Trond-Viggo Torgersen (f. 1952, Noreg) er programleiar, forfattar, artist og lege. Han har jobba frilans for NRK sidan 1975 og er mellom anna kjend frå programma «Halvsju», «Kroppen» og «Nesten voksen».
Torgersen har vore barneombod, programsjef for NRK 2 og programskapar i underhaldningsavdelinga i NRK. Han har gitt ut ei rekke bøker og plater og har mellom anna vunne Spellemannprisen for beste barneplate. Torgersen underviser også i pasientkontakt ved Universitetet i Bergen.
Den siste boka hans, Kroppen for voksne, kom ut i 2021.