Skip to the content

Dato: 10.02.2023

Tid: 17.00 - 17.45

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Iliade utan vreide

Den britiske poeten og litteraturprofessoren Alice Oswald gav i 2011 ut langdiktet Memorial, som ho kallar ei «utgraving av Homers Iliaden». Her har ho tatt bort sjølve den narrative motoren i diktet, vreiden til Akilles, for i staden å gi kvar og ein av dei to hundre døde soldatane poetisk liv. Oswald ønsker å grave fram diktet sin energeia, verkekrafta. Resultatet er eit langdikt som vender seg bort frå den blodige vreiden og blir eit minneord over dei døde.

Oswald møter litteraturprofessor og forfattar Janne Stigen Drangsholt til ein samtale om Memorial.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald