Skip to the content

Dato: 10.02.2023

Tid: 19.15 - 20.15

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Er raseriet legitimt?

Viss demokratiet ikkje strekk til for å stanse øydelegginga av jorda, er då sivil ulydnad – eller til og med vald – vegen å gå?  

Den verdsomspennande organisasjonen Extinction Rebellion meiner vi må gjere opprør, og tyr til oppsiktsvekkande aksjonar. Forfattaren Hilde Kvalvaag har sjølv vore medlem av Extinction Rebellion og har deltatt på fleire aksjonar. Kvar går grensene for kva ein vil gjere for saka ein trur på? Dyrevernaren Norun Haugen gjekk undercover i fleire år og avdekte omfattande overgrep og brot på reglane for forsvarleg dyrehald på gardar, noko som vart dokumentert i filmen Griseindustriens hemmeligheter. Haugen kjem no med ei bok med utgangspunkt i erfaringane sine. Kan ein legitimere det å bruke slike metodar for å skape merksemd om noko ein meiner er gale?

Kvalvaag og Haugen møter journalist Hilde Sandvik til samtale om kor langt dei er villige til å gå, og om det finst andre verkemiddel enn aksjonisme som kan skape merksemd om det dei trur på.

Etter samtalen blir det tid til spørsmål frå salen.

Del Innhald