Juan Tomás Ávila Laurel
Juan Tomás Ávila Laurel (f. 1966, Ekvatorial-Guinea) er forfattar og aktivist. Han flykta til den tidlegare kolonimakta Spania i 2011 etter ein sveltestreik der han protesterte mot diktatoren Teodoro Obiang Nguema.
Den første romanen hans, By Night the Mountain Burns, blei kortlista til den britiske litteraturprisen "Independent Foreign Fiction Prize" i 2015. Den siste boka hans er The Gurugu Pledge, ei samling forteljingar basert på augevitneskildringar frå afrikanske flyktningar.
Ávila Laurel er hovudpersonen i dokumentarfilmen The Writer from the Country Without Bookstores, der han drar tilbake til Ekvatorial-Guinea, trass i risikoen.