Alf van der Hagen
![](/media/1146/alf-van-der-hagen-foto-trude-eng.jpg?center=0.36363636363636365,0.50793650793650791&mode=crop&width=600&height=800&rnd=133148816930000000)
Trude Eng
Alf van der Hagen (f. 1962, Noreg) er forfattar og har skrive ei rekke kritikarroste samtalebøker.
For Dag Solstad: Uskrevne memoarer (2013) fekk han Kritikerprisen for beste sakprosabok, og for Kjell Askildsen: Et liv (2014) blei han nominert til Brageprisen. Suzanne Brøgger: Samtalememoarer (2019) er utgitt også i Sverige og Danmark.
Alf van der Hagen var ansvarleg redaktør i Morgenbladet frå 2003 til 2012. Han har også vore medredaktør i tidsskriftet Vagant, redaktør i NRK-programmet Kritikertorget og i De Norske Bokklubbene. Den siste boka hans er Det endelige bildet: En samtale med Bjørn Ransve (2022).