Skip to the content
Conor Horgan

Dato: 11.02.2022

Tid: 19.45 - 20.30

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Å skrive gjennom biblioteket

Kva rolle kan litteraturen ha i eit menneskeliv? Og kva lesnad er det som formar skrivinga? I Checkout 19 (Kasse 19 på norsk) skriv den britiske forfattaren Claire-Louise Bennett om arbeidarklassejenta som blir ein lesar og lar seg forme av litteraturen. Kasse 19 er på ein måte ei skapingshistorie, der øydelegginga heile tida truar, og som på det viset parafraserer «av jord er du komen, til jord skal du bli».

Claire-Louise Bennett vaks opp i Wiltshire i England før ho flytta til Irland, der ho har budd i mange år. Debutboka Pond (Dam på norsk) frå 2016 blei kortlista til Dylan Thomas-prisen og fekk ei strålande mottaking i fleire land. «Så sterk at du nesten ikke tror det er sant», skreiv VG. 

Claire-Louise Bennett blir intervjua av kritikar og forfattar Ida Lødemel Tvedt, og samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald