Skip to the content

Dato: 05.02.2022

Tid: 14.00 - 15.00

Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

Pris: Gratis

Kjøp Billettar

Vulkanar og dinosaurar

Sjå opp for supervulkanar som eksploderer og meteorittar som styrtar. Møt monsterøgler så store som bussar, hårete mammutar med store støyttenner og ikkje minst digre dinosaurar. Reidar Müller og Sigbjørn Lilleeng har laga boka Supervulkaner og digre dinosaurer – den kjempestore boka om Norges kjempelange forhistorie. No kjem dei for å ta oss med på ei oppdagingsreise i Noregs eineståande forhistorie.  

Reidar Müller er geolog og ein erfaren formidlar av Noregs forhistorie. I denne boka fortel han på underhaldande vis om alt som er spennande å vite om korleis landet blei til. Boka er rikt illustrert av teikneserieskapar Sigbjørn Lilleeng.    

Passar for alle. 

Arrangementet er gratis, men følg billettlenka for påmelding.

Del Innhald