Skip to the content

Dato: 12.02.2022

Tid: 13.00 - 13.30

Stad: Alver

Pris: 80/40 (student)

Kjøp Billettar

Tørk støv av ein klassikar: Jean Rhys

Jean Rhys (1890–1979) er mest kjend for romanen Wide Sargasso Sea, som kom ut i 1966, då mange trudde forfattaren var død for lenge sidan. 

I mellomkrigstida levde Rhys eit demimonde-liv i storbyane London og Paris. Dette skreiv ho fire romanar om, og den siste av dei, Good Morning, Midnight (1939), er den første som no kjem på norsk, omsett av Grethe Fatima Syéd

Dei fire romanane har mange fellestrekk: Dei skildrar unge kvinner i utkanten av kunstmiljøet og i utkanten av sitt eige liv, forvirra, frosne og til dels fortvila, på vandring i bylandskapet, med litt for lett omgang med alkohol og litt for ulukkeleg omgang med menn.

Litteraturvitar, forfattar og omsettar Grethe Fatima Syéd presenterer forfattarskapet til Rhys.

Del Innhald