Dato: 11.02.2022
Tid: 13.45 - 14.15
Stad: Alver
Pris: 80/40 (student)
Tørk støv av ein klassikar – Gro Holm: De hvite kull
Professor i nordisk litteratur, Eirik Vassenden tar fram Gro Holms De hvite kull (1936) – romanen om kraftutbygging som Mikkjel Fønhus ville trykke i ein million eksemplar for å vise folk den enorme øydelegginga av naturen som oppbygginga av industribygdene medførte. Boka har støva ned lenge, men med stigande straumprisar er ho meir aktuell enn nokon gong, med eit persongalleri som omfattar kyniske bergenske advokatar og franske kraftspekulantar.