Skip to the content

Dato: 10.02.2022

Tid: 21.00 - 21.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Støv over historia

Bakteppet for Yvonne Adhiambo Owuor sin roman Støv frå 2014 er det valdelege presidentvalet i Kenya i 2007. Odidi Oganda blir drepen i kamp med politiet. Familien tar med seg liket nord i landet, der mora bur.

Dei historiske og politiske årsakene til opptøyane og uroa blir ikkje forklarte i romanen. I jakta på sanninga om Oganda sin død blir ei brutal historie kvervla opp, men meir som minne og løyndommar. På det viset kan støv vere ein metafor for eit forsonande slør over hendingane der hat og vald ikkje er langt unna kjærleiken.

Yvonne Adhiambo Owuor er forfattar, regissør og manusforfattar og busett i Nairobi. I 2003 fekk ho Caine-prisen for afrikansk litteratur for novella «Weight of Whispers». For debutromanen Støv fekk ho Jomo Kenyatta-prisen. Romanen blei også kortlista til Folio-prisen. Frå 2003 til 2005 var Owuor daglig leiar for Zanzibar internasjonale filmfestival. Ho jobbar også aktivt med klimaproblematikk og bevaring av natur og kulturarv.

Samtalen vil vere på engelsk, og samtaleleiar er Kari Jegerstedt som er leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved Universitetet i Bergen.

Del Innhald