Skip to the content

Dato: 12.02.2022

Tid: 17.30 - 18.15

Stad: Alver

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Siktlinjer

Korleis kan vi komme nærare naturen og sjå vår plass i han? I skrivinga til Kathleen Jamie møter vi ein sensibilitet for samanhengar mellom natur og kultur, og ho lyttar til kva naturen og historia har å fortelje oss.

Kathleen Jamie blei i 2021 offisielt utnemnd til skotsk nasjonalpoet (makar). I tillegg til diktsamlingar har ho gitt ut tre samlingar med personlege essay (Findings i 2005, Sightlines i 2012 og Surfacing i 2019) som utforskar linjer mellom kvardag og natur, fortid og framtid. Desse vitnesbyrda kan like gjerne ta utgangspunkt i kvardagsopplevingar som i reiser til arkeologiske utgravingar i Alaska, til nordlys på Grønland og til kvalsalen på naturhistorisk museum i Bergen.

Kathleen Jamie blir intervjua av Jan. H. Landro, og samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald