Dato: 13.02.2022
Tid: 15:45 - 16:30
Stad: Alver
Pris: Gratis
Prosalong: Av støv er du komen?
Gud skapte menneska av støv, og i kyrkjelege gravferder blir vi den dag i dag lova at vi òg skal stå opp av støvet. Ei av dei ti landeplagene kom i stand då Moses kasta sot mot himmelen. Job gnei seg inn i oske då han mista alt han eigde. Eller – var det støv?
Støvet er eit symbol på det forgjengelege og det låge, det som ikkje er viktig, og som har lite verdi. Slangen i paradiset hadde støv til føde, og i David sin salme nummer 18 heiter det at David skal knuse fiendane «til støv for vinden».
Kva representerer støvet i Bibelen? Kari Veiteberg er biskop i Oslo og det siste året aktuell med bøkene Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus og Bibelen på 200 sider. Samtaleleiar er litteraturvitar og forfattar Grethe Fatima Syéd.
I samarbeid med NFFO.