Skip to the content

Dato: 12.02.2022

Tid: 12.00 - 12.45

Stad: Alver

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

På jakt etter kulturskattar i ørkenstøv

Timbuktu hadde si stordomstid på 1400- og 1500-talet. Tusenvis av islamske og verdslege manuskript blei produserte på denne tida, men gjennom åra blei dei spreidd for alle vindar i Sahara. På åttitalet drog bibliotekaren Abdel Kader Haidara rundt for å samle inn manuskripta. Det klarte han, men så dukka al-Qaida opp …

Den amerikanske journalisten og forfattaren Joshua Hammer kjem for å fortelje om denne jakta, og om kulturminne som så ofte står i fare for å bli øydelagt i krigsområde. Hammer blir intervjua av Tomm Kristiansen, som sjølv har vore opptatt av manuskripta frå Timbuktu.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald