Skip to the content

Dato: 09.02.2022

Tid: 18.30 - 19.30

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Opning av LitFestBergen 2022 (Utseld)

Velkommen til den offisielle opninga av Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur 2022.

For fjerde året på rad set vi i gang festivalen på staseleg vis, i auditoriet i Litteraturhuset i Bergen.

Jon Fosse har på bestilling skrive eit høyrespel for oss, Leika leiken, og uravlyttinga skjer under opninga.

Det blir opplesning ved Britta B. og Stig Holmås og musikalsk innslag med Pedro Carmona-Alvarez og Christine Sandtorv

Det blir tale ved festivalsjef Teresa Grøtan, og opningstalen ved statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann.

Del Innhald