
Dato: 13.02.2022
Tid: 13:00 - 14:00
Stad: Auditoriet
Pris: 160/80 (student)
Omsettarane sin vinnarsamtale
Kva gjer ei omsetting god? Kva skil det å omsette sakprosa frå det å omsette skjønnlitteratur? Kor tett på originalen bør ein omsettar legge seg, og kor fri og kreativ kan omsettaren tillate seg å vere?
Dette er nokre av spørsmåla vinnaren av Bastianprisen 2021, Geir Pollen, og vinnaren av Rosettaprisen 2021, Tove Bakke, skal svare på i denne samtalen leia av Margunn Vikingstad.
Bastianprisen er Norsk omsetjarforeining sin pris for framifrå omsetting av eit skjønnlitterært verk. Rosettaprisen er Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining sin pris for omsetting av eit sakprosaverk.
I samarbeid med NFFO og NO.