Skip to the content

Dato: 10.02.2022

Tid: 17.45 - 18.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Musikalsk historieforteljing før og etter "Dust Bowl Ballads"

I 1940 gav Woody Guthrie ut albumet Dust Bowl Ballads, der alle låtane handlar om kva konsekvensar den økologiske katastrofen i USA på trettitalet hadde for land og menneske.

Pete Seeger, Bob Dylan og Bruce Springsteen er nokre av dei mange låtskrivarane og artistane som har latt seg inspirere av Guthrie og den tradisjonen han skreiv i; ein urgamal og universell tradisjon. Ein viktig funksjon for musikken var å overlevere historier og livserfaringar, frå menneske til menneske, frå generasjon til generasjon, og songane kunne vandre mellom bygder, land og verdsdelar.

Pedro Carmona-Alvarez, John Erik Riley og Kaja Schjerven Mollerin tar oss med inn i tradisjonen før, og ikkje minst etter, Woody Guthrie.

Del Innhald