Skip to the content
Stephan Van Fleteren

Dato: 12.02.2022

Tid: 14.30 - 15.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Grand Hotel Europa

Ilja Leonard Pfeijffer, som bur i Italia er ein av dei mest kjende forfattarane frå Nederland og har eit variert og omfattande forfattarskap bak seg. Den siste romanen hans, Grand Hotel Europa, har fått ei rekke prisar og er blitt ein suksess i fleire land. Boka er ei grandios utforsking av forelda europeisk identitet – ein identitet bygd på gammal stordom. Vi dyrkar fortida i den grad at masseturismen øydelegg kulturminna og klimaet. Vi er ute av stand til å sjå framover, og vi lever i støvet av gamle heltar. 

Gjennom karakterane som bur og jobbar på Grand Hotel Europa, får Pfeijffer sagt mykje om vår tid, vår verd, vårt tankesett og våre verdiar. Saman med journalist, forfattar og påtroppande kulturkommentator i NRK Inger Merete Hobbelstad dykkar vi ned i djupet av Europa.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald