Skip to the content
Fartein Rudjord

Dato: 10.02.2022

Tid: 21.00 - 21.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Djupnesamtale med Jan Kjærstad

Med eit rikt og samansett forfattarskap har Jan Kjærstad lenge vore ei nærverande og sterk stemme i norsk samtidslitteratur.

Kjærstad skriv poetisk, kritisk, eksperimentelt og encyklopedisk om mennesket, kunsten, religiøse og politiske spenningar, Oslo-oppvekst og historiske forvandlingar. I 2021 kom boka En tid for å leve, om verdien av å møtast og om liv som blir vovne inn i kvarandre.

Romansjangeren står sentralt hos Kjærstad, men han skriv også noveller og barnebøker. Som essayist og redaktør i Vinduet har han vore ei viktig stemme i den litterære debatten. Med trilogien om Jonas Wergeland vekte han internasjonal interesse på 1990-talet, og etter å ha fått Kritikarprisen for Homo Falsus i 1984 og Aschehoug-prisen for forfattarskapet i 1993 fekk Kjærstad Nordisk råds litteraturpris i 2001 for Oppdageren.

Møt han i samtale med kritikar og redaktør Kaja Schjerven Mollerin.

 

Del Innhald