Skip to the content

Dato: 11.02.2022

Tid: 20.45 - 21.30

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Å leite etter stjernestøv i ein høystakk

Er det mogleg å skilje stjernestøv frå jordstøv? Jon Larsen blei nysgjerrig då han ein morgon i 2008 fann eit lite skinande sandkorn på eit nyvaska hagebord. Kvar kom dette frå, spurde han seg, og så byrja jakta på det kosmiske støvet – mikrometeorittane – som i store mengder fell ned på jorda kvar einaste dag. Leiande forskarar fortalte at det ikkje var mogleg å skilje det kosmiske støvet frå det jordiske, men Jon Larsen fann ein metode til slutt, til applaus frå forskarmiljøet.


I samtale med Kari Slaatsveen fortel han om si eiga og mikrometeorittane si reise.

Del Innhald